Mottaking og omvisning i Time bibliotek og Garborgsenteret
Hausten 2010 opna Time kommune sitt nye folkebibliotek. Same bygget skal òg innehalda Garborgsenteret, eit forfattarsenter med vekt på Arne og Hulda Garborg sine liv og dikting. I høve Bibliotekmøtet ønskjer Time kommune v/ ordførar velkomen til ei lita mottaking og omvisning kvelden føre bibliotekmøtet startar. Det blir enkel servering frå Garborgstova, så me ønskjer førehandspåmelding.
Velkomne!
Beste helsing
Aud Søyland Kristensen
Biblioteksjef i Time kommune
Program:
Kl 19.30 : «Velkomen til Time» ved ordførar Reinert Kverneland og informasjon om Time bibliotek ved biblioteksjef Aud Søyland Kristensen www.time.kommune.no http://www.facebook.com/timebibliotek
Ca kl 20.00 : Myldring. Fingermat og drikke blir servert frå den franske kaféen Garborgstova, som er samlokalisert med biblioteket http://garborgstova.no/
Ca kl 20.30: Me deler gruppa i to. Den eine delen får orientering om Garborgsenteret – som også er samlokalisert med biblioteket - ved avdelingsleiar Inger Undheim http://garborg.no/ , mens den andre gruppa får omvising i biblioteklokalet ved biblioteksjefen. Så bytter gruppene plass.
Transport:
Det går tog kvar halvtime t/r Bryne-Stavanger. Gjestene kan seinast ta 18.37-toget frå Stavanger (til Bryne kl 19.10) , så satsar me på å vera ferdige til 21.41-toget frå Bryne tilbake til Stavanger. Neste tog til Stavanger kl 22.11. Det er kun 3 min gange frå jernbanen på Bryne til biblioteket, som ligg vegg-i-vegg med skyskraparen på Jæren, Forum Jæren sitt 18 etg. næringsbygg http://forumjaren.no/category/om-forum-jaeren/
